Islandsk språkkurs

Bli med på språkkurs med førjulsstemning – og oppdag islandsk språk og kultur!

Islandsk er i slekt med norsk, og har mykje til felles med norrønt, som også vart snakka i Noreg fram til midt på 1500-talet. Kurset blir halde av Jon Gunnar Jørgensen frå Universitetet i Oslo.

Alle som vil læra seg litt om Island og islandsk er hjarteleg velkomne!

 Foto: Freepik.com

Bli kjent med sagaøya og dets språk
Det islandske språket er nært i slekt med norsk, men krev litt øving for at ein skal forstå. Mykje av det islandske ordtilfanget kjenner vi frå norsk, men bøyingsformene og uttalen er uvand. I dette introduksjonskurset kan du læra nokre ord og setningar på islandsk – samtidig som du får vita meir om livet på sagaøya.

Visste du at Island publiserer fleire bøker per innbyggjar enn noko anna land i verda? Kom og lær deg litt meir om islandsk språk og kultur!

Islendingane er stolte av språket sitt og lagar nye ord i staden for å låna frå andre språk. Om du vil sjå på noko smått, bruker du «smásjá» (mikroskop), og ein vulkan er eit «eldfjall». Ordet «geysir» blir brukt over heile verda; det er islandsk og betyr «ein som sprutar». Det blir sagt at viss Island skulle ha eit slagord, ville det vore “þetta reddast”, som omtrent betyr “det ordnar seg”.

Vert for kvelden
Jon Gunnar Jørgensen, professor emeritus i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo. Han er spesialist på sagalitteratur og norrønt språk, og har dessutan god innsikt i moderne islandsk språk og kultur. Jon Gunnar har omsett og forska i både gammal og moderne islandsk litteratur. ”.

Praktisk informasjon

  • Arrangementet er gratis, med avgrensa talet på plassar.
  • Ingen påmelding, først til mølla-prinsippet gjeld.

Vil du førebu deg før du kjem?

Islandsk språkkurs

Språkkurs

Tid: Tirsdag 17. des 2024

Klokken: 18.00 - 19.30

Pris: gratis

Arrangør: Fremmedspråksenteret

Kommende arrangementer

Her finner du en oversikt over alle våre kommende arrangementer de neste månedene. Vi huser både egne og andres arrangementer.

Bli medlem i Litteraturhuset Fredrikstad

Støtt Litteraturhuset Fredrikstad, få rabatter på billetter - og bli en del av oss!

Les mer her

Meld deg på vårt

Nyhetsbrev

Meld meg på!