Etter 95 års venting fekk vi endeleg ein ny norsk og nynorsk vinnar av Nobelprisen i litteratur. I fleire år har han vore ein heit kandidat, og endeleg blei namnet hans lese opp av det svenske akademiet. Nå feirar vi nobelprisvinnaren med opplesing, spennande samtalar og Fosse-show for dumskallar. Velkomen til ein heidundrande litterær Nobelfestaftan!
Han går vanlegvis ikkje ut lenger, ein stor heider er kommen over han, i haust fekk han Nobelprisen, han måtte reise til Stockholm for å ta imot han, han går eigentleg ikkje ut lenger, men måtte reise til Stockholm, ein stor heider er kommen over han, Nobelprisen, han fekk han i haust, den gjævaste prisen ein kan få, dei seier, han går eigentleg ikkje ut lenger, men måtte halde føredrag, der borte i Stockholm der, han måtte tale for heile verda, han tala om det tause språket, om frykta for å lese høgt på skulen, ein stor heider er kommen over han, i haust fekk han Nobelprisen, han går eigentleg ikkje ut lenger, men til Stockholm måtte han reise, for å hente prisen, takka nynorsken gjorde han, og Gud også, ein stor heider er kommen over han, ein av dei verkeleg store, det er han no, dei seier, ein av dei største, likevel er han så jordnær, så jordnær, han går ikkje så ofte ut lenger, han kjem nok ikkje til å kome, til Litteraturhuset Fredrikstad fredag den 5. april, er nok ferdig med å feire no, dei seier, men vi andre kan feire, feire Nobelprisen, den største prisen, dei seier, den store gleda, vi kan feire Asle og Ales, og syster Alida og Olav, og Åsleik, og Johannes og Peter, og mor Oline, og Knut’en, og kona til Knut’en, kan vi feire, og alle oppattakingane, kan vi feire, utan punktum, kan vi feire, Jon Fosse, han kjem ikkje til å kome, han er ferdig med det, dei seier, han går ikkje ut lenger, men nokon kjem til å kome, og ikkje kven som helst, er det som kjem, ho der Cecilie, eller kva det er ho heiter, ho der redaktøren hans, og ho der Monica, var det ikkje det, ho der som skriv, romanar og dramastykke, slik som Fosse sjølv, og han der lesaren, Anderz, han skodespelaren, han som les alle stykka hans så fint, så fint, og ho der kritikaren, dei seier, ho Marta, ho som har lese alle bøker som finst, ho som ikkje ville kaste terning, alle desse kjem til å kome, og så ho Linda, då, ho der med det der språksjovet, dei seier, ho som kan alt om Jon Fosse, og ho kan formidle det, til og med til dumskallar, dei seier, ho og han Spelemannen, han der Sjur, dei kjem, med forteljingar, anekdotar og underhaldande analysar, ei stor glede er kommen over oss, Nobelprisen i litteratur, til ein nordmann, fantastisk er det, ein stor fest er det vi skal ha, det er det vi seier, ein fest det skal lukte steikt flesk og smake urøykt pinnekjøt av, og du må kome, klart du må kome, og du skal ta med deg Mannen, og Systera, og Han, og Ho, og Skulemeisteren, og alle du kjenner, og for ein fest det skal bli, kjære norsklærarar og andre Fosse-elskarar, for ein fest det skal bli!